9. des. 2025
Tid: kl. 08.30 – 11.15
Sted: Powerhouse Brattørkaia, Trondheim
Utbyggarsamling i Trondheim
2025.12.07 16:58
Tysdag 9. desember kan du bli med på utbyggarsamling i Trondheim.
Trondheim kommune vart partner i FutureBuilt hausten 2024 og er no i full gang med lokale prosjekt. I mars var det avspark for det heile med eit større arrangement på Dokkhuset for næringa og no er det på tide å følgje opp med ei samling for utbyggarar, utviklarar og samarbeidspartnarar.
For dei som ikkje kjenner FutureBuilt så godt frå før, vil det bli ein liten presentasjon av det heilt først, før vi går inn på berekraftige materialval, innovasjon og eksemplifisering av det, ei løypemelding om utsleppsfrie bygge- og anleggsplassar og ikkje minst lokale erfaringar med å vere del av programmet, frå E C Dahls eiendom sitt perspektiv.
Praktisk informasjon
For detaljert program og påmelding, klikk her.
Dato: 9. desember 2025 kl. 08.30-11.15
Stad: Powerhouse Brattørkaia
Arrangementet er gratis.
Det blir enkel servering med kaffe/te og noko lite å tygge på. Vel møtt!