16. okt. 2025
Tid: kl. 09.00 – 11.30
Sted: Damsgårdveien 135, Kulturhuset og Føniks
DEL&LÆR: Sirkulære bygg og sirkulære nabolag
2025.09.04 14:39
Bli med til Bergen, byen som både har det mest ambisiøse sirkulære byggjeprosjektet og den mest ambisiøse, sirkulære utbyggjaren i landet. Vi skal òg freiste å finne Noregs mest sirkulære nabolag.
Her kan du sjå DEL&LÆR – både direkte og i etterkant av arrangementet.
Sirkulære bygg er meir aktuelt enn nokon gong. Stadig fleire, ikkje minst den nye nasjonale arkitekturstrategien, tar til orde for å rive mindre og bevare meir. Ombruk av bygningsdelar skyt fart, med ombrukssentralar over praktisk talt heile landet. Alle verksemder med respekt for seg sjølv har fått utvikla sin eigen sirkulære strategi. Bransjen får stadig meir erfaring og innsikt frå kvart einaste ombruksprosjekt som utviklast. Samstundes er det liten tvil om at vi har ein lang veg å gå for at byggebransjen kan kallast sirkulær.
Korleis det enn er, har vi kome langt nok til at det er på høg tid å løfte blikket frå sjølve bygget og sjå nærare på dette med sirkulære nabolag. Korleis kan vi handtere dei verkeleg store ressursstøymane når vi utviklar eit heilt byområde på sirkulært vis? Korleis kan vi tenkje nytt om til dømes vatn, massar og organiske ressursar?
Ikkje alle veit det, men Bergen er i ferd med å vekse fram som Noregs sirkulære hovudstad. Bergen kommune, ved Etat for utbygging (ofte forklart som Oslobygg i Bergen), nyttar FutureBuilt Sirkulær på heile byggporteføljen sin, med hårete mål. Ved Damsgårdsundet er det full byggeaktivitet på det som ligg an til å bli landets mest sirkulære bygg (så langt). Utviklaren, Frydenbø Eiendom, driv ei omfattande jakt etter brukte byggjevarer frå heile Bergens-regionen. Og dei er ikkje snauare enn at dei har gitt prosjektet sitt namnet Føniks. Men vi må òg sjå nærare på bustadprosjektet Nøstebukten brygge, som veks fram på tuftene av det gamle TV2-bygget, og den nye ombrukssentralen som har kome i drift i Bergen. Det er med andre ord mange gode grunnar for at Del&Lær vil finne stad i nettopp Bergen denne hausten.
Vi vil òg få presentert Stovner torg, som bryt ny mark med 270 nye, sirkulære bueiningar i den nominelle hovudstaden. I tillegg vil vi få presentert FutureBuilt sitt kriteriesett og rekneverktøy for både sirkulære bygg og ikkje minst sirkulære nabolag, som stadig er under stadig utvikling og forbetring. Dette er heilt vesentlege verktøy for alle som vil å måle og dokumentere eigne resultat, men mest av alt for å planleggje og prosjektere med størst mogleg treffsikkerheit.
Etter seminaret er det mogleg å besøke byggjeplassen på Føniks. Eigen påmelding.
Program
08.30 Kaffi
09.00 Introduksjon Tordur Bryngeirsson, prosjektleiar FutureBuilt i Bergen
FutureBuilt sine kriteriesett og berekningsverktøy for sirkulære bygg Nora Holand Hay, fagrådgjever FutureBuilt
Føniks. Rehabilitering med tilnærma 100 prosent ombruk Per Reigstad, Plan og utbygging i Frydenbø Eiendom
Nøstebukten bygge. Sirkulære nybustadsprosjekt i Bergen Tord E Solberg, prosjektleder, OBOS Nye Hjem
Stovner torg. Sirkulært nybystadsprosjekt i Oslo Torstein Blumer, dagleg leiar i Magna Construction Management
FutureBuilt sine kriteriesett og berekningsverktøy for sirkulære nabolag Nora Holand Hay, fagrådgjever FutureBuilt
Sirkulær porteføljestyring i Bergen kommune Héctor Piña Barrios, klima- og miljørådgjevar, Etat for utbygging, Bergen kommune
Skur 26 – ombrukshall for byggevarer Hanne Wetland, prosjektutviklar, Building innovation
Superuse Césare Peeren, architect, Superuse on Site
11.00 Takk til digitalt publikum.
Ordveksling
11.30 Slutt på del 1
12.30 – 15.00 Del 2 – Sosial bærekraft, Laksevåg
Korleis kan vi bygge ein grønare by – og gjere Bergen til eit forbilde for framtidas byutvikling? Korleis kan vi best kombinere klima, arkitektur, byliv og lokalsamfunn når vi utviklar byen vidare?
På dette seminaret samlast fagfolk, utviklarar og kommunen til ein open samtale om korleis FutureBuilt-prinsippa kan brukast i Bergen. Vi ser både på konkrete byggeprosjekt og på større områdeutvikling – og spør korleis Bergen kan ta leiarskap i å utvikle berekraftige løysingar som inspirerer andre byar.
- Innspel om materialbruk, gjenbruk og innovativ byggjemetodikk som kan redusere klimagassutslepp
- Korleis sosial berekraft og stedsanalyse kan styrke byutviklinga
- Erfaringar frå aktuelle prosjekt i Bergen, mellom anna på Laksevåg
- Panelsamtale om korleis FutureBuilt kan omsetjast til praksis i planlegginga av byen
Stad: Damsgårdsveien
15.00 – 16.00 Del 3 – Befaring Føniks
Synfaring til det sirkulære prosjektet Føniks ved Damsgårdsundet, der nesten 100 % av materiala blir ombrukte.

Er du i Bergen, kan du bli med på ei synfaring til det sirkulære prosjektet Føniks. Ill.: Artec
17.00 – 20.00 Del 4 – Superuse & filmvisning «Materials Matter»
Ein sirkulær ettermiddag med føredrag, film og samtale, i samarbeid med FutureBuilt, Bergen arkitektforeining, BIFF og Byarkitekten.
Superuse Studios er eit internasjonalt arkitekturkollektiv for sirkulær og berekraftig design. Den nederlandske arkitekten Cesare Peeren har arbeidd med sirkulære løysingar sidan 1980-talet, og vil utfordre oss til å tenkje nytt om arkitektur, ressursbruk og nabolag.
Program
- 17.00 Velkomen v/ BAF, FutureBuilt og BIFF+Byarkitekten
- 17.10 Foredrag v/ Cesare Peeren, Superuse Studios
- 18.00 Pause med servering
- 18.30 Filmframsyning: Materials Matter (BIFF+Byarkitekten)
- 19.30 Panelsamtale med Cesare Peeren (Superuse) med fleire. Moderator: Tordur Bryngeirsson, FutureBuilt Bergen
- 20.00 Slutt og mingling
Stad: Kulturhuset
Heile dagen i Bergen gir eit unikt høve til å utforske sirkulære bygg, nabolag og sosial berekraft – frå morgonseminar til kveldsarrangement.
Arrangementa blir gjennomførte i samarbeid med FutureBuilt i Bergen, BAF og BIFF.
Les meir og meld deg på her. NB! Det er ingen påmelding for strøyming av arrangementet.