11. mar. 2025
Tid: kl. 09.00 – 11.45
Sted: Dokkhuset, Dokkparken 4, Trondheim
Avspark for FutureBuilt Trondheim
2025.02.13 19:25
FutureBuilt har etablert seg i Trondheim! Innovasjonsprogrammet er ein nasjonal spydspiss for berekraftig arkitektur og byutvikling. Kom til Dokkhuset den 11. mars – då blir det avspark for satsinga, og du er invitert til å ta del.
Vi strøymer arrangementet - her kan du sjå direkte eller når du vil seinare
På frukostmøte på Dokkhuset får du høyre meir om kva FutureBuilt er og om fordelar og forventingar i samband med å gjennomføre FutureBuilt-prosjekt. Utbyggarar vil dele erfaringar frå å bygge etter FutureBuilt-metodikk, det blir innleiing frå politisk leiing i Trondheim, innblikk i økonomiske insentiv til å bygge meir berekraftig, ein panelsamtale, og ikkje minst mingling og noko godt å tygge på.
Møtet er retta mot utbyggarar, rådgjevarar, arkitektar og alle andre som vil lære meir om FutureBuilt i Trondheim.
Det blir mingling frå 08.30 og program 09.00 – 11.45.
Program
FutureBuilt i Trondheim Aurora Meland Winger, konstituert byråd for miljø, næring og samferdsel i Trondheim kommune Lars Viko Gaupset, byråd for byutvikling i Trondheim kommune Eiliv Andreas Myren Ribe, prosjektleiar for FutureBuilt i Trondheim kommune
FutureBuilt på 1-2-3 Erlend Seilskjær, fagleg leiar for FutureBuilt
Grøne val – betre lån Runar Martinsen, regionsleiar for bedriftsbank i Trøndelag, Danske Bank Linn Margareta Rønning, berekraftsspesialist, Danske Bank
Erfaringar frå utbyggarar
Bodil Motzke, avdelingsleiar for berekraft og innovasjon i Oslobygg, presenterar eit knippe FutureBuilt-førebildeprosjekt, mellom anna det nyaste; Tåsen sjukeheim. Ho vil også fortelle om korleis Oslobygg nyttar FutureBuilt sine verktøy til klimastyring av heile si portefølje.
Jennifer Lamson, berekraftsansvarleg i Höegh Eiendom, fortel om Kristian August gate 23, og korleis det sirkulære prosjektet og samarbeidet med FutureBuilt har endra måten selskapet no jobbar med berekraft på i sine nye prosjekt.
Geir Thoresen, senior prosjektleiar i Avantor, presenterar Vertikal Nydalen. Den 18 etasjar høge bygninga er den første i Norge med naturleg klimatisering, der ventilasjon, oppvarming og kjøling i kontoretasjane skjer utan behov for tilført energi. Vertikal Nydalen involverer heile fire forskings- og utviklingsprosjekt.
Lisa Johansen og Marit Sve, prosjektleiarar i E C Dahls Eiendom, presenterar Nordre gate 12 og Olav Tryggvasons gate 19 i Midtbyen i Trondheim – to prosjekt der ein har tatt i bruk FutureBuilt sine kriteriesett allereie før FutureBuilt hadde kome til Trondheim.Olav Tryggvasons gate 19 mottok nyleg Trondheim kommune sin byggeskikkpris for 2024. I prosjektet har ein tatt i bruk FutureBuilt sitt kriteriesett for sirkulære bygg og fått til mykje ved å tilføre lite nytt og å ta vare på eksisterande materialressursar både i bygninga og frå nærområdet. Dette kjem sterkt til uttrykk i originale bygningsdelar og overflater.
Det nyleg ferdigstilte rehabiliteringsprosjektet Nordre gate 12 er eit anna prosjekt der ein har tatt i bruk FutureBuilt sitt kriteriesett for sirkulære bygg og vidare også arbeidd med dei obligatoriske kriteriesetta. Bygninga er samtidig prosjekter for å å sertifiserast med BREEAM-NOR Outstanding.
Etter presentasjonane blir det samtale mellom salen og scena. Vi håper de vil kome med spørsmål og innspel.
Praktisk info
Tidspunkt: Tysdag 11. mars 2025. Det blir mingling frå 08.30 og program 09.00 – 11.45. Stad: Dokkhuset, Dokkparken 4, Trondheim
Har du eit ambisiøst prosjekt på gang?
Har du eit prosjekt i Trondheim kommune som du trur kan passe inn i FutureBuilt? Då kan du ta kontakt med prosjektleiar Eiliv Andreas Myren Ribe – tlf. 995 88 870
Fakta om FutureBuilt
Oslo, Bærum, Asker, Drammen, Nordre Follo og Lillestrøm er partnarar i FutureBuilt. Bergen, Stavanger, Kristiansand og Trondheim er to- og treårige pilotar i programmet.
Kommunal- og distriktsdepartementet, Direktoratet for byggkvalitet, Enova, Husbanken, Grønn Byggallianse, Norske arkitekters landsforbund og DOGA er samarbeidspartnarar.
Per februar 2025 har FutureBuilt ca. 80 prosjekt i portefølja. 44 er ferdigstilte.